The following information is available for Aurdalskyrkja:
Aurdalskyrkja vart vigsla 22. februar i 1737
Kyrkjebygget er som vanleg orientert i himmelretningane med altaret mot aust. Krossformen var mykje brukt på 1700-talet, og var høveleg då byggematerialet var tømmer. Byggmeistar var "Svend kirkebygger" Trådset. Han bygde òg Bagn kyrkje. Aurdal kyrkje vart vigsla 22. februar 1737 av prost Abelstedt. Sokneprest Peder Joachim Christophersøn Landt hadde vore pådrivar og byggjeleiar. Han er balsamert og ligg gravlagd under kyrkjegolvet ilag med eitt av borna sine. Interiøret i kyrkja har gått gjennom ein del endringar i løpet av sine 270 år, men framstår likevel med hovudtrekka frå tida då ho var ny. Stilen på altartavla er kalla "blomsterbarokk" og går att i ei rekkje altartavler frå sama periode. Det næraste førebiletet er truleg altartavla i Fluberg kyrkje, men her i Aurdal har ein brukt eit gamalt krusifiks frå stavkyrkja som sentrumsmotiv. Kanskje er det frå altartavla som vart laga til stavkyrkja i 1694. Til høgre for krusifikset står Moses med lovtavlene. Ein omsetjingsfeil førde til at Moses fekk horn i staden for strålekransen. Til venstre står øvstepresten Aron. I midten, på kvar side av krusifikset, står Johannes og Maria. Vengjene på altartavla meiner ein kan vera frå altartavla i stavkyrkja. På altaret står i dag 4 lysestakar i messing, gjeve til stavkyrkja i 1647 av sokneprest Peder Colling. Preikestolen vart nylaga til stavkyrkja i 1694. Den vart så flytta inn i den nye kyrkja, men fekk no tillagt meir barokk dekor. Den nedste delen av døypefonten er frå døypefonten i stavkyrkja. Det er vanskeleg å gisse på alderen, men nokre meiner den kan vera frå 1100-talet. Stavkyrkja vart bygd ein gong tidleg på 1200-talet, så då lyt det ha stått ei kyrkje i Aurdal før stavkyrkja. Kva tid den vart bygd eller kor den stod vei me ingen ting om. I gamal tid var døypefonten stor og vid, noko som var sjølvskrive då barnet skulle dukkast heilt under tre gonger. Det var eit hol i døypefonten som gjorde at det vigde vatnet skulle rette ut i vigd jord. Vatnet vart vigsla påskenatta og vart ståande i fonten heile året. Sjølve kummen, der ein hadde vatnet, er øydelagt og borte, men ein ny og litt mindre vart gjeve til kyrkja på slutten av 1800-talet. Det eldste døypefatet, med fire hjarte i botn, er frå 1600-talet og er laga av kopar. Det nyaste døypefatet har innskrift frå Matt. 28,19 og kom til kyrkja på slutten av 1800-talet. 12. desember 1792 fekk kyrkja det fyrste orgelet, og orgelgalleriet vart bygd. Målinga vart utførd i 1795 av kunstnaren Ole Hermundson Berge. Orgelet, som vart gjeve av svigerdotter til prost Landt, fekk tene i kyrkja heilt fram til nytt orgel kom i 1904. Det var bygd av Peter Ingvald Berntsen og hadde 8 stemmer, 1 manual og pedal. I 1972 vart orgelet ombygd og fornya, og fekk no 17 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Det var Norsk orgel- harmonumsfabrikk som gjorde dette arbeidet. 1. sundag i advent 2011 vart så nytt orgel innvia. Det har 23 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Alle dei gamle stemmene frå Berntsen sitt orgel i 1904 vart brukt oppatt. Kyrkja har hatt korskilje. Det vart sett opp i 1790-åra, men rive ned att då kyrkja vart måla og ombygd i 1880-åra. Løvene, som stod midt over korskiljet, er i dag å finne over utgangsdøra i nordre tverrskip. I tårnet heng det i dag to klokker. Den største er støypt av Johan Nicolaus Derch frå Horn i Nederland i 1752. Den har innskrifta "Soli deo Gloria". Den andre klokka er støypt av Olsen Nauen klokkestøyperi i Tønsberg i 1927. Den har innskrifta: "Ringer jeg til ro de døde, ringjer jeg til kirkemøde, alltid er jeg Herrens tolk, at han samle vil sit folk!" I tårnet er det tydelege spor etter at det i alle fall har vore tre klokker i kyrkja, kanskje 4. I stavkyrkja veit me at det var 6 klokker. Ei mellomaldarklokke med runeinnskrift er øydelagt og finst ikkje lengre. Den store bibelen på altaret har vore flittig i bruk både i stavkyrkja og i "nykyrkja". Bibelen vart trykt i København i 1632. Mange har fundert over plasseringa av kyrkja. Den tidlegare stavkyrkja hadde ein meir høgtliggjande plass, ca 1 km lengre sør (sør-aust). Den gamle stavkyrkja var bygd i fryste halvdel av 1200-talet. Ei segn seier at usemje om plassering av den nye kyrkja førte til at ein hest vart utnemnd til "profet". Han vart spent for ei slepe med tømmerstokkar og jaga bortetter kongevegen mot nord. (Ein av milesteinane frå Kongevegen står no utanfor kyrkja.) I motbakkane forbi prestegarden stoppa hesten og då var plasseringa avgjort. Hesten hadde neppe forståing for at grunnforholda var lite skikka for store byggverk, men kyrkja har i alle fall stått her i 270 år..... Utanfor kyrkja var det i tidlegare tider sett opp ein gapestokk. Sist han var i bruk var på 1840-talet. Gapestokken vart teke ned få år seinare og sidan gjeve til Valdres folkemuseum, der han står i dag. Inngangsportalen til kyrkja vart truleg bygd same året som sjølve kyrkja. Fleire Valdreskyrkjer bygde på 1700-talet har liknande portalar.
Aurdalskyrkja can be found at the following address:
Check the map to see where you can find Aurdalskyrkja.
The following categories describe(s) Aurdalskyrkja:
Check the following website for Aurdalskyrkja:
Here is how other visitors have rated Aurdalskyrkja:
What has happend at Aurdalskyrkja lately? Here you can find relevant news:
Aurdal kyrkje, lørdag 3. august 2019
Takk for flott konsert i går. Mykje folk og flott stemning.
Hugs kyrkjekonserten i «Timeglas» på onsdag kl 19.00. http://hilme.no/program/konsert/«timeglas»-kim-rysstad-med-band.aspx
Kjære konfirmantar, familie og vener. Gratulerer så mykje med Konfirmasjonsdagen i dag. "Ingen er barn av i dag. Du er barn av dei tusen år. Djupt gjennom lag etter lag - røtene går." (Knut Hauge)
Vi klargjør til morgendagens konfirmasjon og vi ønsker konfirmanter med familie en minnerik dag. Med hilsen Aurdal Menighetsråd
Tusen takk til alle som var med på dugnaden i kveld. Nå er det klart til store dager i mai!
Onsdag 17. april ringte kyrkjeklokkene i Aurdalskyrkja, ilag med tusenvis av kyrkjeklokker over heile verda, som eit liturgiske uttrykk for sorg og solidaritet. Her kan du sjå ein video frå ringinga. https://youtu.be/uk5V7pgFAyw
I dag, onsdag 17. april kl. 19.00 vil kyrkjer og katedralar i fleire land i Europa la kyrkjeklokkene ringe for å uttrykke sorg og solidaritet etter den tragiske brannen i Notre Dame i Paris. I Nidarosdomen og Oslo domkyrkje vil klokkene ringe frå kl. 11.55 – 12.00 i dag. Kyrkjeklokkene i Aurdalskyrkja vil også vera med på denne markeringa frå kl. 19.00 – 19.07.
Kyrkjekonsert, Langfredag kl. 18.00.
Årets fasteaksjon gav 14.437 kr i bøssene for Aurdal sokn. Tusen takk til konfirmantane som gjekk, og til de som gav!
Ta vel imot konfirmantene våre !
I morgon, sundag 11. november er det gudsteneste i Aurdalskyrkja kl. 11. Dette er ikkje ein kven som helst sundag - det er 11/11-2018, og på dagen 100 år sidan 1. verdskrigen slutta. Over heile Europa og elles store delar av verda blir dette markert. Også Aurdalskyrkja er med på markeringa, og når kyrkjeklokkene ringer inn til messa siste gongen, kl. 11, er det på minuttet 100 år sidan bodskapen om freden vart forkynt. På dei 4 åra krigen herja i Europa, vart mellom 17 og 18 millionar menneske drepne. Når kyrkjeklokkene ringer over heile verda i morgon, så er det eit paradoks at det i løpet av krigen vart konfiskert og slått sund kring 100.000 kyrkjeklokker. Dei vart smelta om for å bli til kanonar. Etter krigen vart kanonar og krigsmateriell smelta om til nye kyrkjeklokker….. I morgon ringjer klokkene med bøn og ynskje om fred og forsoning i heile verda.
Trenger du hjelp i forbindelse med leie av Aurdal Menighetshus? Vi kan nå med glede meddele at vi har fått med oss Heimelaga og Gøtt v/Turid Fossen Nysveen. Hun har lang erfaring fra Etnedal og kan etter avtale tilby catering,oppdekking,servering,opprydding og ev. vask. Rådet håper dette kan være et godt alternativ for brukere som ønsker et mer arrangert tilbud.Huset er fortsatt disponibelt for ordinær utleie som tidligere. For leie av hus kontakt Kari Skaga på tlf 41201208 For nevnte tjenester: [email protected] eller tlf 97961994 Mvh Aurdal Menighetsråd
Dagens 50 års konfirmanter 14/10-18. Fra venstre: Marit Sørlie, Odd Henry Lihagen, Ragnhild Elisabeth Buset Bergvad, Jorunn Sletten Haugann, Prest Kristine Inderhaug Fossheim, Kjell Midthus, Astrid Johanne Kvannefoss Thon, Anne Magna Ranheim Kolstadbråten, Jorunn Kristine Marken Haugen, Unni Bøe Rudi, Arne Ivar Petersborg
Siste finpuss før kyrkjekonserten med Hundadn kl 18.00 i kveld. Hjarteleg velkomne!
Here you can find pictures from Aurdalskyrkja:
Here you can find videos from Aurdalskyrkja:
Høyrer du kyrkjeklokkene?
Takk til alle som var med og gjorde Kirkegården fin i kveld. En spesiell takk til konfirmantene som gjorde en flott innsats.
20. april 2017 ble de to nye kirkeklokkene til Aurdal kirke støpt på et klokkestøperi i Italia. I denne filmen kan du følge prosessen, fra den spede begynnelsen da klokkeformene skulle lages, og fram til klokkene hang på plass i kirketårnet, og kunne tone utover Aurdalsbyen for første gang. Foto/redigering: Kreativ Videoproduksjon v/ Kjell-Einar Kana
Aurdal kyrkje i dag. 1. pinsedag 2017. Det kommer mer video fra det som skjedde denne dagen. Så det er bare å følge med her på Facebook i tiden fremover. Foto: Kreativ Videoproduksjon v/ Kjell Einar Kana
Produksjon av støpeformene startet mandag 3. april. Torsdag 20. april var dagen for støping. Så gikk fem dager til nedkjøling, éi uke til rengjøring, pussing og polering, før Toten transport hentet klokkene torsdag 4. mai. Ankomst Aurdal kirke i dag 10. mai. Foto/redigering: Kreativ Videoproduksjon v/ Kjell Einar Kana
Her kjem ein liten videosnutt som syner støyping av den største av dei to nye klokkene. Ein lengre video med opptak av ringinga, som gjekk føre seg samstundes, er under arbeid.
Då er klokkene støypt. Dei skal stå i formene til avkjøling og herding éi veke.
Ein liten forsmak på kva som snart skjer. Siste rest av bronsen blir hatt i smelteovnen. Støypinga vil gå føre seg ca kl 11.30, samstundes med at kyrkjeklokkene i Aurdal ringer.
Stabbursklokka på Sørei svara kyrkjeklokkene i dag
Also check these Restaurants nearby:
Also check these Hotels nearby:
Also check these Real estate agents nearby:
Also check these Hair salons nearby: